tirsdag 10. juni 2014

Meteorsvaet. Just walk up the fucking slab!












Jepp då har underteikna og bedre halvdel gått ein nytur på Sandane.

Dagen byrja som vanleg ved at ein viss sprettball ( ikkje meg) er oppe ca klokka 06.tulletidleg og gjerne vil luftast. Sidan gårsdagen blei brukt på sykkelmusklane og padlemusklane tenkte me at me kunne gå ein tur på Ryssdalshornet. Me har jo investert i ein slik terrengbil, så var planen å køyre halve distansen som går på grusveg. Vel framme konstaterte me at vegen var stengt for ALLE køyrety, og for å gjere det HEILT klart var det bilete av ein Toyota Landcruiser. OK me tok hintet og snudde. Inn i synsfeltet kom så  Meteorsvaet. Navnet er det min broder Pål som har vore inspirasjonen til då han har ein heller suisisidial plan om å sykle ned her på ein god dag. Den gode dagen er meir spesifikt den dagen ein meteor skal treffe jorda og utslette alt liv. Så me satsar på at det ver eit par år til iallefal.



Klar for første lengde i sykkelmundur og matchande sko og sekk, kan ikkje bli betre

Uansett, eg har tenkt tanken på å klatre her, me slått det frå meg. Men no var me no altså her sånn ca klare med litt ymse utstyr i bilen og ein finversdag til gode. Me parkerte og labba i veg oppover marka. Anmarsjen tok ca ein times tid i køddent terreng og med dertil hissige fluger, me slapp å eta lunsj så mange av den sorten som me innhalerte på veg oppover.

Svaet var som forventa skikkeleg kompakt og nokså slakt, men vi gav oss i kast og det var artig nok om ein valgte å klatre litt oppsøkande og godta runouts på 35-40 meter ;) Sant å seie var det vel meir snakk om "trillouts" om ein skulle ha sklidd/snubla.

                                      Sparsommeleg sikra, men så lett at det aldri var skiummelt


Taulengdene gjekk unna ein for ein og me slutta på 6 lengder der 4 av dei var relativt utstrekte på eit 70 meters loddent heiltau. Leggane skreik i ekte Uskedalstil og Magemusklane kjentest som om ein hadde klatra slak fosseis aldri så lenge. Vel oppe såg me etter ein sti som min bror hadde lova oss. Me fant ingen og begynt eå bakse oss på heimveg i lyng og bjørkeris. Det slo meg først etterpå at broderen altså har vore på toppen her på rekognosering i den hensikt å sykle ned klatreruta vår i fall dommedag. Snakkar meg om gjennomtenkt kar.

Inga toppar ut

Returen var av det kjipe slaget med ein del bushwacking og ein rapell, men det er nok fullt mogleg å treffe bedre enn det me gjorde.

Alt i alt ein KLASSIKER og er er plass til så mange ruter ein berre gidder å gå opp. Vi for vår del har gjort det og er fornøgd med det. Der var absolutt innslag av kikkeleg svaklatring Om ein skulle ynskje seg litt meir utfordring kan ein velge å gå ruta i regnveir med stivsko. For dei spesielt interesserte.


"Just walk up the fucking slab, you are making a queue!!!" sa ein utolmodig skotte til dama si i Lofoten frå ein standplass. Ho stod å psyka på eit kompakt sva på grad 6+ langt over siste mikrokile...kjekk kar...


Cruxet på ruta er oppe i høgre hjørnet. Det gjekk med ein totem på to kammar og eit tzaaaaaaaaaaah i ekte Sharma stil. ca 3+ eller 4- deromkring

Teknisk data på ruta:
6 taulengder med gode standplasshyller
Lite sikringsmuligheter undervegs somregel der me gjekk
Graden er ca 3+-4-
Ein tur som alle med noko klatreerfaring kan ta med kvensomhelst på  

1 kommentar: